Våre produkt er basert på tradisjon, handverk, og ein solid porsjon kjærleik til mat.
Vi nyttar lokale råvarer og få ingrediensar, noko som gir den gode heimalaga smaken.

Fast på menyen året rundt står eksingedalskorv, spekepølse og skinkepølse.
Besøk facebooksida vår for å sjå kva andre godsaker vi har å by på for tida.

Heimalaga Mat Frå Pøylo på Facebook

Laila Bolstad
Bjørn Eikefet

Hei! Vi er Laila og Bjørn, eit ektepar busett i Eksingedalen som er så glade i å lage god mat at vi ikkje klarer å ete opp alt sjølv. Løysinga på problemet vart å etablere Heimalaga Mat Frå Pøylo, så no kan og andre smake på maten vi produserer med både godt humør og respekt for råvarer og tradisjonar. Kontakt oss gjerne om du har spørsmål knytt til produkta våre på telefon 56 59 58 67, 908 75 009 eller e-post post@heimalagamat.no. Du kan og nytte kontaktskjemaet under.